mandag 27. april 2009

Hei alle saman!
Her er mine kommentarar til spørreskjemaet og piloten i første omgang.

Eg tykkjer at vi må prøve å få tid til å oversette spørreskjemaet til norsk til piloten. Både slik at vi er heilt sikre på kva vi spør om, og at dei som skal svare også skjønar kva vi vil ha svar på.
Det er mulig eg kan hoste opp ein eller to "språkkonsulentar" om vi går for den modellen.

Sjølve skjemaet:
Første sida: Eg kunne ønske ein betre forklaring og utdjuping under "Instruction" slik at respondentane ser og skjønar inndelinga av spørsmåla heilt klart. Først skal dei jo seie kva dei har/opplever etc om emnene og etterpå er det deira meining. Den første setninga under "Instruction" må delast i to, og bli meir forståeleg.

Svaralternativa:
Eg tykkjer vi må vere heilt einige med oss sjølve og Polen om kva vi legg i dei ulike svaralternativa. Det var nokon som stile spørsmål om kva forskjellen på "very good" og "extensive" er, og eg tvilar på at vi får særleg mange svar på "extensive". Har ikkje noko forslag her og no, men vi bør tenke kva vil ha svar på....

Sp. 1 og 2: Desse spørsmåla er veldig "tunge" å starte med. Dei kjem rett på og er faktisk ganske vanskeleg å svare på (tykkjer eg!). Eg kunne tenke meg at vi tok "Background information" først i skjemaet, som ei "oppvarming" til dei meir vanskelege emna. det var nokon som nemnde det ein eller annan stad, og det støttar eg. Det er viktig at vi får folk på gli, og inn i tankegangen og kva vi i grunnen ønskar svar på.

SP. 5: Her er eg litt usikker på om vi skal spørre om Dynamed, NLM osv. Er dette produkter/namn som er veldig godt kjente? Har vi event. andre ting vi kunne spørre om? Det er ikkje ting som eg har vore borte i, i min jobb i alle fall. Ellers så er vel sp. 5e og 9d ganske like?
Det er jo spørsmpål om referansehåndteringssystemer. Vi kunne event. spørre om respondentane held kurs i referansehåndteringsystem.

Sp. 6: A-spørsmålet er grådig langt, og det må vi berre dele i fleire deler. I det heile teke bør ein ikkje spørre om mange ting i same spørsmålet, då får vi vel ikkje så gode svar???

Sp. 7: Kva er IF, Her tek det litt av for meg altså!!! Kven brukar slikt? Er det snakk om produkt som LibQual eller?

Sp. 8: Kanskje det går an å slå sp. 8 og sp. 9 saman?

Sp. 10: Kva med å spørre etter "writing skills"?

Sp. 13: Her kunne eg tenke meg å få vite kvifor ein svarar ja eller nei. Altså eit "Why"-spørsmål etterpå.

Sp. 15.9: Er det behov for å skilje mellom lavare og høgare grads studentar?
Eg berre spør (TESE om at nyutdanna "alltid" må undervise 1.årsstudentar og dei med erfaring tek seg av dei på vidareutdanningane og høgare grad - stemmer det???)

Irene i solskinnet i Bergen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar